Ope medlemsmøte med Martin Kolberg – Kva står på spel

Arrangement

4. sep, kl. 18:00 – 19:00, Norheimsund skule, Gamle Sandvenvegen 27, 5600 Norheimsund

Ein kveld med politisk engasjement, refleksjon og samtale om kva som står på spel for fellesskapet vårt.

Kvam Arbeidarparti inviterer til ope medlemsmøte onsdag 4. september kl. 18.00 på Norheimsund skule.

Vi får besøk av Martin Kolberg, ein av Arbeidarpartiet sine mest markante stemmer. Med lang erfaring frå Stortinget og partiorganisasjonen har han stått i frontlinja for kampen mot skilnader, forsvaret av fellesskapet og viktigheita av å ha politikk som set folk først.

Tema for kvelden er Kva står på spel. Møtet vil handle om kva vegval vi står ovanfor som samfunn, og kvifor Arbeidarpartiet sin politikk er avgjerande for å sikre tryggleik, rettferd og like moglegheiter for alle.

Etter innleiinga vert det open samtale og spørsmål frå salen. Vi håpar mange vil bruke høvet til å delta på ein engasjerande politisk kveld i Kvam.

Alle er velkomne – ta gjerne med ein ven eller nabo!

Bilde av Martin Kolberg