Varaordførarkandidat i Kvam, Linda Jondahl, og ordførar i Kvam, Torgeir Næss smiler utanfor Kvam rådhus

Eit Kvam for alle!

Her kan du lese kva vi går til val på i 2023

Eit Kvam for alle! Kva legg me i det? Slagord kan lett framstå som tomme.

For oss i Kvam Arbeidarparti har dette definitivt eit innhald. Me er inne i ei dyrtid, med inflasjon, aukande renter og høge straumprisar. Me tek også mot folk som flyktar frå krig. Det skal me gjera, dei er svært velkomne til oss, men det utfordrar både kommunale tenester og bustadmarknaden. Ein kommune kan ikkje gjera mykje med alvorlege internasjonale hendingar og den internasjonale økonomien.

MEN me kan gjera noko med konsekvensane av det. Og det gjer me:

-Born og unge skal ha høve til å delta på fritidsaktivitetar sjølv om familien deira opplever utfordrande økonomi eller av andre årsaker ikkje prioriterer desse.

  • Difor har det vore viktig for oss i Arbeidarpartiet å sikra at ordninga med fritidskortet held fram i Kvam, sjølv om den ikkje lenger vert statleg finansiert. Ordninga inneber at born og unge mellom 6 og 18 år som er busette i Kvam får 1.000 kroner i halvåret til å betala deltakaravgift for faste, organiserte fritidsaktivitetar. Frå hausten aukar dette til 1100 kroner.

-    Me er i eit grønt skifte, og straumprisane held seg høge.

  • Difor tok me initiativ til å oppretta eit klima- og energifond der Kvam herad betalar 30% av kostnadane til enøk-tiltak – med eit tak på 50.000,-. Utbetalingane frå det har sytt for at mange har gjennomført eller framskunda enøk-tiltak, som t.d kjøp av varmepumper, etterisolering, og liknande. 
  • Me gjorde også ei særutbetaling på ein million kroner som NAV fordeler til enøk-tiltak til dei som ikkje har økonomi til sjølv å betala 70% av utgiftene.

-    Dyrtida med stadig høgare levekostnader råkar sterkast dei som har minst i utgangspunktet.

  • Difor har det vore viktig for oss i Arbeidarpartiet og samarbeidspartia våre å auka sosialhjelpa på dei mest kritiske tidspunkta i året. I desember og juni har difor alle som mottek langsiktig økonomisk sosialhjelp fått 3500 kroner ekstra.

-    Bustadmarknaden i Kvam er pressa, og det siste året har nybygging avteke. Godt etablerte folk som flyttar inn i leiligheit etterlet seg einebustader som vert lagt ut for sal. Skal me få ledige hus som ungdom kan flytta inn i, må det difor byggjast nye leiligheitsprosjekt og fleirhusvære. Viss ikkje me har denne sirkulasjonen i bustadmarknaden, så fell den viktigaste føresetnaden for å oppretthalda og auka folketalet vekk.

  • Dette har me teke tak i – og fått vedteke fullmakt til rådmannen på femti millionar til å kjøpa seg inn i nye bustadprosjekt, slik at nybygging kjem i gang.

I tillegg har me saman med samarbeidspartia teke utfordringane i skular og barnehagar alvorleg, og oppretta miljøarbeidarstillingar i skulen og auka tilskot til bemanning i barnehagane. Og gratis måltid i ungdomsskulen er endeleg på gang! Grunnbemanninga i helse og omsorg er også auka.

Me har også mykje anna god politikk. Les gjerne heile programmet vårt!

Her har me gjeve nokre få døme på praktisk politikk som viser kva me meiner med eit «Kvam for alle». Me lovar å halda fram i same leia dei neste fire åra  – med ein innbyggjarvenleg politkk som særleg prioriterer bu- og oppvekstvilkår.

Er du i det store og heile fornøgd med den politiske leiinga i Kvam dei siste fire åra? Det betyr faktisk noko kven som sit i leiinga. Om du vil at ordførar Torgeir Næss skal få fortsetja i fire nye år – så bidreg du til det ved å gje Kvam Arbeidarparti røysta di ved heradsstyrevalet i år. Godt val!

Er du enig med Kvam Arbeiderparti om Eit Kvam for alle!?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker