Politikken
Program 2019-2023
Kvam Arbeidarparti sitt program 2019-2023
Kvam Arbeidarparti vil prioritera eit samfunn der alle skal med, og at dei som treng hjelp får det. Ei røyst til oss er ei røyst mot privatisering av grunnleggjande velferdstenester.
Me vert stadig fleire eldre. Å gjera Kvam i stand til å handtera eit aukande tal eldre er ei hovudoppgåve for oss.
Kvam Arbeidarparti vil også stimulera til fleire innbyggjarar ved å gjera kommunen attraktiv for unge menneske. God infrastruktur er eit viktig verkemiddel. Kvam AP vil leggja til rette for nyetableringar og for utvikling av eksisterande verksemder og sikra gode bumiljø.
Kvam Arbeidarparti lovar å vera eit ope parti som kan skapa politikk i dialog med veljarane – også dei som ikkje røystar på Arbeidarpartiet. Alle er velkomne til å koma med innspel til heradsstyrerepresentantane våre og styret vårt.
Me har i arbeidet med dette programmet motteke mange gode innspel frå lag og organisasjonar i Kvam. Me takkar for engasjementet til alle dykk som har sendt oss innspel!
I dette programmet kan du lesa meir om kva me vil arbeida for i perioden 2019 - 2023. Me kan ikkje lova at alt kan gjennomførast, jamvel om Kvam Arbeidarparti vinn valet. Men me vil arbeida hardt for sakene våre, for å styrkja fellesskapet og for å gjera kommunen betre. Me ynskjer og å halda fram med å bidra til å skapa eit godt politisk samarbeidsklima i den komande perioden.
Dersom du er samd i mykje av dette, bed me om di røyst på valdagen.
Ein god oppvekst og skule for alle.
Kvam Arbeidarparti har som mål å få fleire barnefamiliar til å busetja seg i Kvam. Arbeidarpartiet vil ha ein god offentleg fellesskule med ein aktiv skulepolitikk som gjev faglege utfordringar til alle elevar på ulike nivå. Ei praktisk og engasjerande undervisning for elevane kan redusere fråfall på deira veg til gjennomført utdanning. I kunnskapssamfunnet skal alle vera med.
Det er og viktig at det i skulen vert drive aktivt og målretta arbeid for å hindra mobbing.
Elevane bør få eit godt og næringsrikt måltid på skulen kvar dag. Det gjev både god helse og god læring.
Kvam AP vil:
·arbeida for reell full barnehagedekning i alle krinsane.
·gjera framlegg om innføring av eit dagleg gratis skulemåltid i grunnskulen.
·at alle elevar i Kvam må sikrast gode nok bassengtilhøve. Det inneber mellom anna at me vil arbeida for vederlagsfri overføring av bassenget i Ålvik til lag eller organisasjonar i bygda - med driftstilskot frå Kvam herad dei fyrste åra.
·at det vert gjort forsøk med vikarpool, med fast tilsette vikarar som kan ta vikararbeid i barnehage og skule. Fagutdanna «ufriviljuge» deltidsarbeidande bør prioriterast til vikarordninga.
·sikra god rådgjevingskompetanse i grunnskulen
·sikra tilgang til tenleg datautstyr og stabil nett-tilgang for elevane i grunnskulen.
·Innføra samarbeidsapp mellom pedagogiske leiarar og føresette i barnehagane.
·styrkja kompetansen til lærarar og barnehagetilsette gjennom etterutdanning. Fylgja opp at alle lærarar som ynskjer det har fått teke vidareutdanning innan 2025.
·arbeida for betre integrering av minoritetsspråklege gjennom styrking av språkopplæringa. Me vil støtta opp om frivillege organsisasjonar sitt arbeid på dette området.
·jobba aktivt for ein framtidsretta og attraktiv vidaregåande offentleg skule i Kvam
Arbeidsliv og næring
Kvam Ap vil arbeida for betring av infrastrukturen og opparbeiding av ferdig regulerte næringsareal.
Kvam Ap skal vera ein aktiv medspelar og tilretteleggjar for næringslivet.
Fruktdyrking og foredling av frukt og bær vert stadig viktigare i Hardanger. Det er viktig at heradet er tett på denne positive utviklinga, og legg til rette for at lokalprodusert og kortreist mat kan verta ein endå viktigare del av næringsutviklinga vår.
Me vil gjera det me kan for å motverka sosial dumping.
Kvam Arbeidarparti vil gå i front for at Kvam herad skal ha ei effektiv og føreseieleg sakshandsaming.
Kvam Ap vil:
·leggja til rette for at jordbruksproduksjonen i Kvam kan oppretthaldast på dagens nivå, mellom anna ved oppretting av matjorddeponi fleire stader i kommunen.
·leggja til rette for at den gode utviklinga i produksjon av frukt og bær held fram.
·vera aktive i høve til å verna om kulturlandskapet
·leggja til rette for ei berekraftig oppdrettsnæring
·stå for ei positiv grunnhaldning til satsing på grøn energi og energiøkonomisering.
·leggja til rette for at næringslivet og interesseorganisasjonar deltek i politiske prosessar og planarbeid.
·synleggjera Kvam som reiselivskommune, og stimulera eit natur - og kulturbasert reiseliv
·behalda det kommunale eigarskapet i Kvam Kraftverk. Dette gjev heradet langsiktige og stabile inntekter.
·arbeida saman med fagrørsle og næringsliv for at Kvam herad har ein innkjøpsstrategi som best mogleg motverkar sosial dumping, samt sikrar at det vert stilt krav til fagopplæring miljøstandard ved innkjøp av varer og tenester
·at Kvam Herad så langt det er råd skal ta omsyn til lokalt næringsliv ved kjøp av varer og tenester
Samferdsle og kommunikasjon
Store delar av Kvam er ein del av arbeidsmarknaden i Bergensregionen. Det er viktig å leggja til rette for at fleire kan bu i Kvam om dei arbeider eller studerer i Bergen. Det er også viktig å arbeida for at vegane gjennom Kvam vert sikra mot ras.
Mykje av vegane våre er fylkesvegar. Mykje av det me lovar å arbeida for i punkta under kan ikkje realiserast av Kvam åleine. Me lovar å spela ei aktiv rolle for å fremja interessene våre på fylkesting og Storting. Kvam Ap ser det som urimeleg at det er planlagt titals milliardar i investeringar på kyststamvegen så lenge vegfarande i Hardanger køyrer på farlege og rasutsette vegar.
Me vil arbeida aktivt inn mot eiga stortingsgruppe og fylkespolitikarar for å få midlar til rassikring, betre vegar og tryggare ferdsle for gåande og syklistar.
Kvam Ap vil:
·arbeida for rassikring og vegutbetring langs FV 7, spesielt på strekninga Øystese - Ålvik.
·arbeida for fleire gang- og sykkelvegar i Kvam.
·arbeida for rassikring Dysvik – Mundheim og ei generell heving av vegstandarden i ytre del av heradet
·arbeida for at gangvegen Ålvik – Vikedal vert fullført
·arbeida for ei vegløysing forbi Tokagjelet som sikrar rask tilgang til Kvamsskogen frå det sentrale Kvam.
·arbeida for at Hardangertunnelen kan realiserast
·arbeida for å betra ferjesambandet Tørvikbygd – Jondal. Det bør gå to ferjer kontinuerleg, og det bør setjast inn nattferje.
·arbeida for utvikling av kollektivtilbodet mellom Kvam og Bergen.
·arbeida for opparbeiding av nye parkeringsplassar ved friområdet Holmsund
·arbeida aktivt mot fylket og kommunane rundt fjorden for at hurtigbåtruta frå Norheimsund om sommaren får halda fram. Den er svært attraktiv og viktig for turismen.
·arbeida aktivt for at det kjem ein arm av E134 gjennom Odda, Jondal og Kvam.
.
Ein trygg alderdom
Kvam arbeidarparti vil arbeida for å oppretthalda god kvalitet på tenestetilbodet.
Målet vårt med helse- og omsorgstenestene er at alle skal få den hjelpa dei treng når dei treng ho. Dette er eit område Kvam arbeidarparti vil gje høgste prioritet i åra som kjem.
Kvam Ap vil:
·gje valfridom i høve til buform
·arbeida aktivt for at ny velferdteknologi vert teke i bruk
·oppretthalda kvaliteten på tenestetilbodet
·at det skal som hovudregel tilsetjast i full stilling.Tilsette i deltidsstillingar skal prioriterast til stillingsauke før nytilsetjingar.
·gjera framlegg om ein vikarpool med fast tilsette vikarar i helsetenestene.
·at medarbeidarar som jobbar deltid og ynskjer auka stillingsgrad skal prioriterast. leggja til rette for vidare- og etterutdanning av medarbeidarar innan helse og omsorg
·sikra nok heildøgers omsorgsplassar
·ha kontinuerleg fokus på den aukande trongen for omsorgstenester dei neste åra og tiåra. Det er god eldrepolitikk å ha ein god kommuneøkonomi!
Helse og samfunn
Å sikra alle lik tilgang til gode helsetenester er Arbeidarpartiet sitt hovudmål i helsepolitikken.
Kvam Arbeidarparti vil i neste heradsstyreperiode styrkja førebyggjande arbeid blant barn og ungdom.
Folkehelsearbeid må styrkjast. Me må ha fokus på å leggja til rette for å auka livskvalitet og for at kvar einskild tek sjølvstendig ansvar for eiga helse og livssituasjon.
Kvam Ap vil:
·sei nei til privatisering og konkurranseutsetjing av grunnleggjande helsetenester
·satsa på helsestasjonar, skulehelseteneste og pedagogisk-psykologiske tenester (Kvam familie- og læringssenter).
·at born og unge med åtferdsproblem og psykiske lidingar vert fanga opp tidleg og gjevne eit godt behandlingstilbod.
·gå inn for å utgreia eit arbeidsretta dagtilbod (dagsenter) for dei som ikkje kan delta i det ordinære arbeidslivet.
·arbeida for at det skal vera eit tilstrekkjeleg tilbod om varig tilrettelagt arbeid for yrkeshemma.
Kultur og miljø
Kvam er ein kulturkommune med eit yrande kultur- og idrettsmiljø, med ei oppkome av stemne og festivalar. Eit godt kultur- og fritidstilbod er viktig for innbyggjarane i Kvam og ein magnet for å få nye innbyggjarar til kommunen . Kvam har også mange kulturminne.
Heradet må tilretteleggja for aktivitetar og arenaer som stimulerer til vidare vekst innan kultursektoren. Dette vil føra til vekst for kommunen, både økonomisk, menneskeleg og kulturelt. Me må profilera kunstnarane våre Jon Fosse, Geirr Tveitt, Hans E. Kinck, Ingebrigt Vik, Øystein Laupsa m.fl.
Kommunen har sidan 1994 utarbeidd planar for regionalt kulturhus. Økonomien til heradet tillet ikkje bygging av eit kulturhus dei neste åra. Det er viktig at heradet aktivt går inn i eit samarbeid med fylkeskommunen for å få lagt inn dei viktigaste funksjonane i eit planlagt kulturhus i den nye vidaregåande skulen. Kyrkja har ein viktig plass i Kvam, både som religiøs og kulturell institusjon. Arbeidarpartiet vil at me skal ha ei open og inkluderande folkekyrkje.
Kvam Arbeidarparti ser med uro på aukande politisk-religiøs ekstremisme i enkelte miljø. Me vil stå for ein aktiv integreringspolitikk for å motverka dette.
Kvam Arbeidarparti vil at kommunen skal vera ein miljøbevisst organisasjon som arbeider for å redusera miljøbelastningane. Nokre stikkord her er: Miljøvenlege innkjøp, redusert og miljørett energibruk, minst mogeleg avfall og mest mogeleg gjenbruk.
Kultur
Kvam Ap vil:
·arbeida for at det kjem ein storsal/konsertsal i tilknyting til den nye vidaregåande skulen i Kvam. Me vil føreslå at det vert sett av midlar til dette årleg fram mot opninga av skulen.
·støtta frivillig kulturarbeid
·i langt større grad vera aktiv for å inkludera innvandrarar i Kvam i lokalpolitikken. Alle har eit ansvar for ei god integrering, også dei politiske partia. Me lovar å bli betre.
·oppretthalda det gode tilbodet i kulturskulen
·arbeida for auka medvit om lokalhistoria vår. Ta initiativ i Kvam, men og mot fylkeskommune og museum om utstillingar og lett tilgjengeleg informasjon om kulturminne og lokale arkeologiske funn.
·stimulera til etablering av kulturløyper og turstiar
·medverka til at skogsbilvegar skal vera opne for allmenn ferdsel – eventuelt mot avgift
·stå for ei restriktiv haldning med tanke på å gje løyve til privat køyring med snøscooter som ikkje er nyttetransport.
·ta vare på og stø drift av dei mange lagshusa me har i heradet
·leggja til rette for at eit «Jon Fosse hus» kan koma
·sikra Grannehjelpa – slik at kulturtilbodet for eldre, m.a. på institusjonane ikkje vert svekka
Miljø
Kvam Ap vil:
·syta for at Kvam herad set seg klimamål med fokus på å oppnå klimanøytral drift, m.a ved at kommunale køyretøy i størst mogleg grad er elektriske.
·arbeida for eit utbyggingsmønster som reduserer trongen for transport. Fortetting i sentrale strok.
·arbeida for berekraftig utvikling i samsvar med målsetjingane i kommuneplanen
·arbeida for at alle offentlege bygg vert meir energieffektive
·arbeida for fleire ladestasjonar for elbilar i heradet.
·Innføra to ryddedagar i året langs strendene våre, der skular og frivillige organisasjonar deltek, og heradet tilrettelegg for bortkøyring av boset.
Planarbeid, bustadbygging, fornying av kommunen og kommunen som arbeidsplass
Kvam Arbeidarparti ynskjer ein sterk og effektiv kommune som skal gje innbyggjarane gode tenester. Folk skal fyrst og fremst vera deltakande innbyggjarar - ikkje brukarar eller klientar. Einskildmennesket sine behov skal stå i sentrum både når det gjeld innhald og organisering av velferdstilboda. Me vil gje innbyggjarane i kommunen god kvalitet på tenestetilboda. Omstilling og fornying av kommunen vert mest vellukka dersom dei tilsette er aktive medspelarar. Kvam Arbeidarparti vil difor at all omstilling skjer i nært samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar.
Kvam Ap vil:
·Arbeida for at matproduksjonen (kjøkentenesta) skjer lokalt. Deretter vurdera om heile eller delar av kjøkentenesta kan desentraliserast til institusjonane.
·ha ei god planavdeling som er servicevenleg. Gjennomføra brukarundersøkingar på dette området.
·fylgja opp tettstadplanen for Ålvik i samarbeid med representantar for bygda.
·styrka samarbeidet med nabokommunane våre. Og drøfta saker der alle partar kan effektivisera tenester utan at servicegraden vert svekka.
·framleis ha ei open og aktiv haldning til spørsmålet om kommunesamanslåing
·at kommunen seier nei til sundagsopne butikkar
·redusera bruken av ufrivillig deltidsarbeid, prioritera meir heile stillingar og sikra deltaking i offentlege pensjonsordningar.
·seia nei til privatisering og konkurranseutsetjing av grunnleggjande velferdstenester
·at heradet held fram med å ta aktivt ansvar for integrering av flyktningar
·arbeida for å styrkja busetnaden i alle delar av heradet
-
Eit Kvam for alle!
Her kan du lese kva vi går til val på i 2023
-
Program for Kvam Arbeidarparti
2019-2023